torsdag 5. januar 2012

Hei, Barnum her igjen !

No er det torsdag og det skjer så masse at eg klarer nesten ikkje å følge med sjølv. 
I forgårs var eg ute og det var glatt. 
Eg er ganske flink til å gå rundt å snuse med halsband og band. 
Det er så masse å lukte på at eg gløymer at eg har band på meg. 
Snart skal vi gå på noke som heiter grus, men då kan det ikkje vere glatt eller snø på, så det kan bli ei lita stund til. 
Men det er mykje å snuse på for ein liten luring som meg, seier Mamma . 
Trur ho og Pappa er stolte av meg. 
Når Mamma forteller Pappa kva eg har gjort og kor flink eg er, er ho så glad i stemma si og ho hører nesten ut som ho gret :)
 Men det gjer ho ikkje. 
    
" - Her var det ikkje godt å gå, men eg lurer fælt på kva som er der ute. Kan vi gå ut å sjå, Mamma ?"
I går var eg hos veterinær og fekk vaksine igjen. 
Det gjekk fint og eg fekk med meg kvalpepakke med nytt for. 
Berre tull, seier Mamma, vi et Royal Canin sitt Puddefor her i hus ! 
Ikkje det at ho et det, men ho vil at eg skal ete det for då blir pelsen min så fin, seier ho. 
Vi får nå sjå. Eg vil helst berre ete leverpostei og geitmelk heile livet. 
Det er så travelt å ete desse tørre små knottane og så bråker det slik i hodet mitt når eg tygger dei. 
Mamma seier eg har så lett for å miste konsentrasjonen min og at den ikkje varer så lenge og at eg let meg så lett forvirre med andre ting når eg skal ete tørrfor, så derfor strør ho litt på golvet slik at eg kan leike at eg er ute i skogen og finn spennande mat-saker, det er litt kjekkare. 

"-Var det her han Frikken brukte å stå ? Kan dette bli min plass også ?"

Det eg likar best, er at ho skal sitte ved sidan av meg heile tida medan eg et, 
men det vil ho ikkje for då venner eg meg berre til at ho skal gjere det, og det har ho ikkje tida til for ho skal blogge også, seier ho :)

"- Her var ej visst i går også, kjenner eg "
Eg fekk markekur også med veterinæren og så var der ei unge dame som Mamma prata med. 
Ho var assistent og kunne masse om hunde-adferd. Eg hørte at Mamma skrytte av meg og at dama sa at "dokke har visst taket på det " og då vart Mamma smigra og nesten rødma. 
Pappa spurte veterinæren om eg ikkje var litt tynn, men han sa at det var slik det skulle vere. 
Og då vart Pappa glad. Og Mamma smilte og sa: " det var det ej sa  :)"

"-Ja, du har rett Mamma ! Her var det virkelig glatt, altså !"
Vi kjørte bil og heimatt sov eg heile vegen for eg var så sliten etter dette besøket. Og så var der så fryktelig mange kattar der, og eg fekk ikkje sleppe ut av bagen min og måtte berre ligge der og lukte og stirre inn i store katteauge, men eg var ikkje redd. 
Mamma seier at vi skal snart besøke noken som har ein snill katt og seinare skal eg få helse og lukte på ein hest !

" - Her MÅ ej berre opp !"
Då vi kom heimatt hadde det snøva masse, og eg fekk vere ute og lufte meg og snuse og hoppe masse i nysnøen. 

" -Her må ikkje du komme opp Mamma med dissa glatte støvlane dine "
Dette var altså tirsdag og onsdag og i dag er det torsdag og vi har brukt klippemaskina igjen. Tok vekk litt pels på potane mine. Mamma seier at eg er flink av og til, og av og til er eg makkete, og av og til er eg rolig, men det varer berre nokre sekund. 
Når eg er rolig får eg skryt men det kilar slik og så durer det.  
Mamma seier at vi må vere tålmodige med kvarandre, men eg veit ikkje kva det betyr. Ho seier så masse rart ho Mamma og eg forstår nesten ingenting. Men så er eg berre 13 veker. 

Forsto du alt då du var 13 veker ?

" - Det er noke med dissa fotane hass Pappa altså, eg blir så trøtt "

6 hyggelige kommentarer:

U9 sa...

Hei igjen, Barnum. Det er så trivelig å få følge med på alt du gjør om dagene. Skjønner godt at leverpostei frister mer enn valpeknotter, for dèt har Sita lært meg. Menneskemat er visst mer fristende, men ikke så sunt så du må bare gjøre som Mamma sier. Det er nok det beste. Ha det bra så lenge.

Malys krok sa...

Hei på deg! Det var trivelig å se deg igjen! Du er jo blitt en flink liten kar! Skjønner godt at mamma og pappa er stolt av deg! Du lærer fort ser det ut til, men sannelig er det også mye nytt du skal skjønne! Ikke rart du må slappe av og sove innimellom, du er jo så liten enda!
Jeg så på filmen om deg i mammas forrige innlegg, men fikk ikke tid til å skrive. Veldig artig å se når du lekte med ballen! Emma har også en slik ball, og igrunnen ligner du henne litt når du hopper og spretter rundt! Så får du bare fortsette å leke og lære, det skjer nok noe hele tiden der du er. Hils til mamma lem fra Emma og Margit.

Villmarkstausa sa...

Så søt en liten ull-tull;-))

sigrid sa...

fortsatt like skjønn den karen der..
eg har diverre allergi og kan ikkje ha verken katt, hund, kanin osb..

det står om mamma i Ansokk bøkene.
ho og mor-mor var dei siste som flytta derifrå..

god helg til deg og Barnum :-)

Pysselfarmor sa...

Love love love och puss!

tack för att jag får följa Barnums dagar!

har du tänkt på att du kan ge ut en barnbok om dina hundar? Du berättar helt underbart!

Rimkogeren sa...

Frederik sige vov til Barnum - Tusind tak for din dejlige kommentar :-D