onsdag 1. februar 2012

Liten krull ordner opp i dorull-tull


 Mamma seier at eg er ein fryktelig klok liten tass og kjapp som lynet  når det gjeld å få tak i alt mulig. 
Og spesielt slike ting som dei voksne helst vil skal vere der det skal vere. 
Ej prøver så godt ej kan å la vere, men av og til berre må ej. 
Slik som med denne dorullen. 
Koffår må dei henge den slik at den frista meg ?
Ej e nå berre nødt til å få tak i den og sjå kva som skjer.

Dette var kjempegøy ! 
Eg berre napper LITT forsiktig, og så kjem det MASSE papir ! 

 Oj ! 
Vart det så MASSE !

 Ka ska ej gjer me det då ?

 Trur ej teke å he det bak dodøra. Og lagra det der.

 For Mamma og Pappa he eit lager med tomme dorullar oppå medisinskapet. 

 Når ej verte børsta på trimmebordet mitt, brukar ej å få en dorull til å bite på og å dille med.

Mamma he laga  leiker av dorull til meg også, 
slik som PerAsle og nokre eg fer å drege med meg når ej e ute.


Når ej må bruke dei tomme dorullane til leike, 
då  kan Mamma og Pappa jaffal også bruke papiret ein gong til. 
Jaffal det ej he lagra bak dodøra !
God ide! 
Me likar gjenbruk her i huset !

lørdag 28. januar 2012

Kommentarer på avveier, breie vinduskarmer og værhus i rot-hus

Ein Rotekopp og ei Surpe-Sara har eg alltid vore og det ser ut til at eg fortsatt skal behalde den tittelen. Eg klarer til og med å rote vekk koselige kommentarar her på bloggen. Det har seg slik at eg ved eit par høve har fått forespørsel om å fjerne ordrebekreftelsen slik at det blir enklare å legge igjen kommentarar. 
Eg er lettare hysterisk for virus og spam og ugreier og for å vere på den sikre sida, har eg beheldt desse bokstavane, som ikkje alltid er så lette å tyde. Men, som den greie dama eg er, tok eg det likevel bort, med tanke på å gjere det enklare. For kva gjer ein ikkje for ein kommentar eller to ? HAHA

Det resulterte i at det like etter kom rare anonyme kommentarar som eg ikkje ville ha. Derfor slo eg på ordrebekreftelsen. Så fekk eg tips om at eg kunne bruke kommentarmoderering, så det stilte eg inn på torsdag. 

Vanligvis brukar eg å få fleire enn fire helsingar på Himmelsk-innlegga min, så eg blei litt skuffa og tenkte at er det ikkje fleire som kommenterer skal eg virkelig vurdere å ikkje vere med lenger. Som det skarpe skulelyset eg er, sjekka eg at alt var i orden med innstillingar og slikt, men ingen fleire kommentarer var å spore. Eg vart litt skuffa,  for eg er noke bortskjemt på fleire enn fire kommentarer og eg hadde hatt fleire besøk. 

Så eg bestemte meg for å ta bort heile modereringa og gå tilbake til bokstavane igjen. 
Så var det at eg snubla inn på ein knapp eg har sett ofte men ikkje teke notis av. 

DER LÅG DET 24 KOMMENTARER OG VENTA PÅ Å BLI MODERERTE AV MEG !
Så glad eg vart ! Eg likar så godt å få kommentarer og det gjer blogginga mykje kjekkare !!


Apropos rotekopp. Nyt vinduskarmen min ! Eg er velsigna med breie vinduskarmer og her har eg virkelig utnytta det. For den skarpe lesar veit sikkert at eg har fått meg KVALP og det er oppi vinduskarmen alt hamnar som han ikkje skal ha tak i. Garn, pinnar, ledningar, ledningar og ledningar, bøker, saks, penn, målband mm i tillegg til dei andre tinga som er vanlig å ha i ein brei vinduskarm her i hus :)


Her er altså VÆRHUSET mitt !  
Der er det ikkje rotete, for der er mannen inne og ryddar,
 og kona er ute og lufter hunden (trur eg) 
Harmonisk og godt !
Slik skal det vere !

Det blei ikkje eit gammal og brukt værhus, men eit nytt og fint ! Med plastikk- rådyr og det heile !
Og eg liker det veldig godt ! 
Eg fekk det i julegave av Barnum. 
Fantastisk hund !
Og eg som ikkje har blogga det før no.

Rotekopp og Surpe-Sara !!





torsdag 26. januar 2012

Himmelsk vinterlandskap


Det er ei stund sidan eg var med på Himmelsk sist. Denne gangen er mitt bidrag dette
vinterbilde som eg tok på fredag. Mykje av denne snøen har reist sin veg med blesten. 
For i dag har det blese godt. Men det er fortsatt litt igjen. Så mykje at det er nok til å lage det isete og glatt.

Snø er berre artig, synest min vesle Barnum på 3,5 mnd som storkoser seg i det kvite elementet :)
(Der fekk eg smette med han også på Himmelsk)


Fleire Himmelske bidrag finn du her


Ønsker alle ei riktig god helg:)